Nedlasting
Last ned info før oppstart utarbeiding av tavler

Tavler
Tavler til plassering ved startpunkt på tur, eller enkle karttavler til plassering ved kryss etc. langs rute er produkt vi levera. Vi kan utforme starttavler med tekst, innhald og bilde i eit samarbeid med kunde. Eller ta i mot trykkeferdige filer.

Vi har lisens på bruk av GisLine frå Norkart som gjer at vi kan digitalisere turar og informasjon på eit kartgrunnlag. Grunnlagskart vi levera til skilt er symbolisert lik hovudkartserien ”Norge 1:50 000”, slik mange kjenner det frå turkart i papirutgåve. Kartet er tilpassa eit målestokkområde som det er aktuelt å vise på tavle.

Timebruk vil variere bla. etter kor mykje data som skal inn på kartet. Ta derfor kontakt og vi gjer eit prisoverslag på dykkar prosjekt. Og vi informera om prosessen ved oppsett av ei tavle.

Våre tavler toler å bli montert opp utan skilthus. Vi anbefala bruk av 19mm oppskumma plast på trestolpar. 1,5 mm aluminium på flat vegg. 3 mm aluminium med knekt kant oppe/nede til tavler som skal monterast på stolpar av stål.

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg i gong med tavla di.



Kart

Utmarksressurs lagrar informasjon på kart og levera turkart til trykking på tavler eller til presentasjon på heimesider. Vi bruker same kartprogram som dei fleste kommunar. Format er likt slik du kjenner det frå kartverket sine turkart.

Temadata digitalisert av oss kan også presenterast i ulike digitale kartløysingar.