Tilpassa eit røft nordisk klima

Vi er ein av få anbefalte leverandørar av turskilt og informasjonstavler. Vi har vore med heilt sidan tidleg startfase av turskiltprosjektet. Vi har 10 års erfaring med produksjon av turskilt.

Vi levera turskilt til heile Norge, skilta våre er å finne i alle kantar av landet. Vi hjelper også kundar med å lage tavler etter standard utforming skildra i «Manual turskiltprosjektet». Vi har programvare til å lagre temadata på kart, og kan levere kart til tavler, bruk på heimesider etc.

Ta gjerne kontakt for ein skiltprat, eller be om brosjyrar. Vi har erfaring med montering av ulike stolper/skilt, og kan gje gode tips.

Turskilt (retningsskilt)
  • Skilt med ordinær utforming (symbol, tekst, avstand, pil)
    • Toppskilt
    • Pilskilt med symbol for punkt av interesse
    • Varselskilt
  • Ulike typar mellom-merking
  • Informasjonstavle til startpunkt med kart
  • Enkle karttavler til plassering langs løype